Ta kontakt

Åsen & Øvrelid AS
Fjærevegen 9 – 6800 Førde
Tlf: 57 72 38 50
E-post: post@aasen-ovrelid.no

Å&Ø Utvikling
Leif Arne Åsen
Prosjektutviklar
Tlf: 98 28 89 00
E-post: laa@aasen-ovrelid.no

Åsen & Øvrelid Nordvest AS
Smibakken 3
6018 ÅLESUND
Tlf: 901 21 365
E-post: tor.laxaa@aasen-ovrelid.no

Åsen & Øvrelid Røberg AS
Gammelseterlia 23
6422 Molde
Tlf: 95 98 56 18
E-post: finn.ove@aasen-ovrelid.no

Om selskapet

Åsen & Øvrelid AS er blant dei største entreprenørverksemdene på Nordvestlandet, og har omfattande oppdrag innan offentleg og privat sektor.

Les meir om oss

Søknad

Ønskjer du sponsorstøtte frå Åsen & Øvrelid?
Send søknaden din til:
post@aasen-ovrelid.no

Andre prosjekt

Åsen & Øvrelid AS, eller selskap tilknytta Åsen & Øvrelid AS, kan delta som medinvestor i selskap som har som formål å utvikle eit prosjekt eller eit tomteområde.

Les meir >

Politikk for HMS, kvalitet og miljø/berekraft

Politikk for HMS, Kvalitet og miljø/berekraft er vedteken av styret i Åsen og Øvrelid, og skal leggast til grunn for all aktivitet i selskapet.

Å&Ø sitt styringssystem skal ivareta alle målsetjingar for HMS, kvalitet, og miljø/berekraft og alle forhold regulert i lov eller kontrakt, for å oppnå tilfredse kundar, og for å oppfylle alle lovkrav som regulerer verksemda sin aktivitet og produksjon.

Styringssystemet skal kontinuerleg reviderast og optimaliserast, for å oppnå forbetring og oppdatering. Systemet skal vere sertifisert iht. ISO9001, ISO14001 og miljøfyrtårn

Styringssystemet skal danne grunnlag for stadig forbetring av kvalitet, HMS og berekraft i alle ledd i bedrifta.

Styringssystemet skal vere kjent for alle tilsette i selskapet, og det skal sørgast for nødvendig opplæring i bruk av systemet, slik at alle tilsette er engasjert i HMS, kvalitet og miljø/berekraft arbeidet.

Relevante interessentar kan få tilgang til politikken ved førespurnad.

Målsetjingane med bedrifta sitt arbeid for HMS, kvalitet og berekraft/miljø er:

  • Å gjere kvalitet, kompetanse og punktlegheit til bedrifta sitt kjenneteikn.
  • Å sikre at våre tenester og produkt tilfredsstiller kunden sine krav og forventningar.
  • Å sikre og dokumentere at oppdragsgjevar mottar eit produkt i tråd med inngåtte avtalar.
  • Å sikre at relevant krav i Norsk Standard, forskrifter og lover er ivaretekne
  • Å bidra til at bedrifta er ein attraktiv arbeidsplass for alle tilsette.
  • Å redusere risikoen for skadar, sjukdommar, samt fremje helse og trivsel.
  • Å gjere bedrifta til ein meir attraktiv samarbeidspartnar for oppdragsgjevar, myndigheiter, underentreprenørar, leverandørar, konsulentar og arkitektar
  • Å effektivisere selskapet si drift slik at konkurranseevna styrkast.

HMS policy

Visjon: I Åsen & Øvrelid as har vi eit stort fokus på HMS-arbeid, og å sikre eit trygt og godt arbeidsmiljø. Vi ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar, og legg ned store ressursar for å skape ein trygg og god arbeidsplass med høg trivsel.

Mål: Vårt overordna HMS-mål er ingen skader og ulykker på våre byggeplassar, og lågt sjukefråvær hos våre tilsette.

HMS-måling for Åsen & Øvrelid:

  • H1-verdi, inkl. UE = 0.
  • H2-verdi, inkl. UE = 0.
  • Sjukefråvær 5% (utanom langtidssjukefråvær og permisjonar).
  • Aktiv bruk av RUH-rapportering, for identifisering, læring og redusering av risiko.
  • Vernerunde kvar 14. dag i alle prosjekt.
  • Risikovurderingar i alle prosjekt.
  • Kvartalsvis prosjektgjennomgang med fokus på HMS-arbeidet.

Kvalitet-policy

Visjon: Kvalitet og punktlegheit skal vere bedrifta sitt kjenneteikn, der våre tenester og produkt tilfredsstiller kunden sine krav og forventningar. Vi skal vere ein føretrukken leverandør i vårt nedslagsfelt, der kvaliteten på produktet vårt skal vere forankra i alle ledd.

Mål: Vårt overordna kvalitets-mål er rett kvalitet til rett tid.

Kvalitetsmåling for Åsen & Øvrelid as

  • Rett ferdigstillingsgrad til rett tid (ingen dagmulkt).
  • Ingen opne kvalitets avvik ved overlevering (ferdigsynfaringsmodul).
  • Kvalitetssikringssystem i Streambim;
    • Måling av aktivitet sakshandteringssystemet
    • Måling av aktivitet sjekklistesystemet
    • Mål om lukketid avvik, prosjektspesifikt.
  • Kvartalsvis prosjektgjennomgang med fokus på kvalitetsarbeidet.

Miljø/Berekraft-policy

Visjon: Miljø/Berekraft er en naturlig del av Åsen & Øvrelids verksemd og vi jobbar aktivt med å bli betre i vår daglege drift, og i planlegging og gjennomføring av prosjekt. Vi ynskjer å bidra med berekraftige løysingar til kundane våre, og å sette miljøarbeid på dagsorden i alle prosjekt.

Mål: Vårt overordna miljø- og berekraftsmål er å vere ein aktør som bidreg til ei positivt utvikling innan miljø og berekraft i vår bransje. I vårt geografiske nedslagsfelt ønsker vi å vere ein leiande aktør innan berekraftige løysingar frå utvikling til ferdigstilling.

Miljø/berekraftsmåling for Åsen & Øvrelid

  • Kildesortering av avfall, 90%.
  • Avfallsmengde, 30 kg pr m2 (nybygg).
  • Byggvarme/tørk, fossilfri.
  • Ingen avvik/uønska hendingar knytt til utslepp til ytre miljø.
  • Unngå bruk av materialar på myndigheitene si OBS-liste (productexchange)
  • Alle prosjekt skal ha eigen prosjektspesifikk MOP.
    • Gjennom MOP påverke byggherrar til å velje berekraftige produkt/løysingar.
    • Klimagassrekneskap i alle prosjekt.
    • Avfallshandtering.
    • RTB
    • ROS-analyse for omgjevnadane; Støy, lys og støv.
  • Kvartalsvis prosjektgjennomgang med fokus på miljø/berekraftsarbeidet.

Hovudside: Samfunnsansvar og berekraft →

Sjå Klima- og miljørapport →

Les meir om HMS, KS og ISO →

Les meir om Miljøfyrtårn →