Ta kontakt

Åsen & Øvrelid AS
Fjærevegen 9 – 6800 Førde
Tlf: 57 72 38 50
E-post: post@aasen-ovrelid.no

Å&Ø Utvikling
Leif Arne Åsen
Prosjektutviklar
Tlf: 98 28 89 00
E-post: laa@aasen-ovrelid.no

Åsen & Øvrelid Nordvest AS
Smibakken 3
6018 ÅLESUND
Tlf: 901 21 365
E-post: tor.laxaa@aasen-ovrelid.no

Åsen & Øvrelid Røberg AS
Gammelseterlia 23
6422 Molde
Tlf: 95 98 56 18
E-post: finn.ove@aasen-ovrelid.no

Om selskapet

Åsen & Øvrelid AS er blant dei største entreprenørverksemdene på Nordvestlandet, og har omfattande oppdrag innan offentleg og privat sektor.

Les meir om oss

Søknad

Ønskjer du sponsorstøtte frå Åsen & Øvrelid?
Send søknaden din til:
post@aasen-ovrelid.no

Andre prosjekt

Åsen & Øvrelid AS, eller selskap tilknytta Åsen & Øvrelid AS, kan delta som medinvestor i selskap som har som formål å utvikle eit prosjekt eller eit tomteområde.

Les meir >

Etiske retningslinjer – Code of Conduct

Vi skal vere den føretrukne leverandør av total- hovud- og utviklingsentrepriser i vårt marknadsområde. Vi skal skape meirverdiar i samspel med leverandørar og kundar. Åsen & Øvrelid as forpliktar oss til å utføre all vår aktivitet på ein ansvarleg og berekraftig måte, med respekt for menneske og miljø.

  • Kommunikasjon: Alle våre tilsette, samarbeidspartnarar, underentreprenørar, leverandørar og andre interessentar kan gjere seg kjent med Åsen & Øvrelids sine Etiske retningslinjer (Code of Conduct) på våre nettsider.
  • Opplæring: Åsen & Øvrelid as sørgjer for intern gjennomgang av våre Etiske retningslinjer, for å sikre at våre tilsette, forståer og etterlev retningslinjene.
  • Sanksjoner: Brot på dei Etiske retningslinjene kan få konsekvensar. Dette kan inkludere disiplinære tiltak, sanksjonar eller opsigelse (tilsette, kontrakt, eller samarbeid.).
  • Varsling: Tilsette som får mistanke om brot, eller avvik, på etiske retningslinjer skal varsle dette utan ugrunna opphald.

1. Etikk og Integritet

  • Oppførsel: I vårt arbeid skal vi strekke oss etter å vere ærlige, respektfulle og lojale. Vi forheld oss til sanninga, og held våre løfter utan å villeie andre. Vi behandlar kvarande med verdigheit, og er lojale mot beslutningar som blir tekne. Vi er og lojale mot våre kollegaer og samarbeidspartnarar.
  • Konflikt av interesse: Vi har nulltolleranse for å utnytte si eiga stilling til personleg vinning. Einkvar situasjon som kan oppfattast som ein konflikt mellom personlege interesser og selskapets beste skal unngåast.
  • Juridisk etterlevelse: Vi jobbar aktivt i alle våre prosjekt for å overhalde gjeldande lover og regelverk, inkludert openheitslova, arbeidsmiljølova, byggherreforskrifta, internkontrollforskrifta og byggteknisk forskrift.
  • Korrupsjon og bestikkelsar: Vi har nulltoleranse for alle former for bestikkelsar og korrupsjonar forbunde med vår aktivitet.

2. Sikkerheit og arbeidsmiljø

  • HMS: Vi har eit overordna ansvar for å ivareta ein tryggheita på våre prosjekt. Vår målsetting er at ingen skal skade seg på våre prosjekt. Vi har derfor eit godt forankra HMS-system som skal sørge for at HMS-arbeidet er ivaretatt på våre prosjekt. Alle tilsette, og UEar, forpliktar seg å følgje gjeldande HMS-reglar og bidra til ein førebyggande kultur.
  • Arbeidsmiljø: Vi jobbar aktivt for å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø for alle våre tilsette. I tillegg jobbar vi for at alle som utfører arbeid på våre prosjekt ikkje skal vere offer for «Sosial» dumping, men jobbe under norske minimumssatsar for løns- og arbeidsvilkår.

3. Miljø og berekraft

  • Klimaendringar: Vi tar klimaendringane på alvor, og jobbar aktivt for å redusere karbonavtrykket (C02-akvivalentar) for våre aktivitetar. Vi har ei målsetting om å kunne vere med å påverke BH til å gjere berekraftige val for sitt prosjekt.
  • Forureining: Vi tar ansvar for å minimere vår miljøpåverknad for vår aktivitet. Vi skal redusere vår avfallsproduksjon, optimalisere energiforbruket vårt, samt velje miljøvenlege produkt og tenester.
  • Avfallshandtering: Vi skal handtere avfall på ein ansvarleg måte, og arbeidar for å redusere avfallsmengder, og auke sorteringsgrader.
  • Sertifiseringsordningar: Åsen & Øvrelid as sitt styringssystem er sertifisert iht. ISO:14001, og Miljøfyrtårn. Som følgje av dette skal alle tilsette, leverandørar og samarbeidspartnarar følgje dei retningslinjer og prosedyrer som, følgjer på grunn av dette.

4. Tilsette

  • Lønns- og arbeidsvilkår: Vi sørger for at alle våre tilsette får rettferdig lønn og gode arbeidsvilkår.
  • Arbeidstid: Vi følger gjeldande arbeidstidsbestemmelsar og unngår overtid som kan gå ut over arbeidstakars helse og velvære.
  • Diskriminering og trakassering: Vi har nulltoleranse for diskriminering og trakassering, og alle tilsette har rett til å arbeid i eit inkluderande og respektfullt miljø, fritt for diskriminering og trakassering.
  • Mangfald og inkludering: Vi forpliktar oss til å inkludere alle tilsette, uansett bakgrunn.
  • Utvikling: Vi investerer i våre tilsette si utvikling og tilbyr moglegheiter for læring og vekst.
  • Ytringsfriheit: Vi oppmuntrar til open kommunikasjon og gir våre tilsette moglegheit til å uttrykke sine synspunkt utan frykt for represaliar.

5. Lønns- og arbeidsvilkår hos aktørar som utfører arbeid på ÅØs prosjekt (UEar og leverandørar) skal:

  • Sørge for at alle tilsette får rettferdig lønn og gode arbeidsvilkår.
  • Sikre allmengjøringsloven (for utanlandsk arbeidskraft/tilsette).
  • UE/Leverandør forpliktar seg til ved oppmoding å legge fram dokumentasjon som stadfester oppfyllelse av rettferdig lønns- og arbeidsvilkår (kopi av arbeidsavtalar/tilsettingskontrakter, lønnsslipp og timelister, dokumetnasjon på ordna buforhold).

6. Samfunnsansvar

  • Lokalt samfunnsansvar: Vi engasjerer oss i lokalsamfunnet og støtter lokale initiativer.

7. Informasjonssikkerheit

  • Konfidensialitet: Vi forpliktar oss å beskytte all konfidensiell informasjon, inkludert informasjon om tilsette, samarbeidspartnarar, kundar, og prosjektinformasjon.
  • IT-sikkerheit: Vi har eit overordna ansvar for å beskytte våre IT-system mot uatorisert tilgang, misbruk, tap, endring eller uautorisert offentleggjering.

Last ned Etiske retningslinjer – Code of Conduct (PDF)

Hovudside: Samfunnsansvar og berekraft →