Ta kontakt

Åsen & Øvrelid AS
Fjærevegen 9 – 6800 Førde
Tlf: 57 72 38 50
E-post: post@aasen-ovrelid.no

Å&Ø Utvikling
Leif Arne Åsen
Prosjektutviklar
Tlf: 98 28 89 00
E-post: laa@aasen-ovrelid.no

Åsen & Øvrelid Nordvest AS
Smibakken 3
6018 ÅLESUND
Tlf: 901 21 365
E-post: tor.laxaa@aasen-ovrelid.no

Åsen & Øvrelid Røberg AS
Gammelseterlia 23
6422 Molde
Tlf: 95 98 56 18
E-post: finn.ove@aasen-ovrelid.no

Om selskapet

Åsen & Øvrelid AS er blant dei største entreprenørverksemdene på Nordvestlandet, og har omfattande oppdrag innan offentleg og privat sektor.

Les meir om oss

Søknad

Ønskjer du sponsorstøtte frå Åsen & Øvrelid?
Send søknaden din til:
post@aasen-ovrelid.no

Andre prosjekt

Åsen & Øvrelid AS, eller selskap tilknytta Åsen & Øvrelid AS, kan delta som medinvestor i selskap som har som formål å utvikle eit prosjekt eller eit tomteområde.

Les meir >

Berekraft

Ein god vilje (og eit godt samspel) er grunnpilarane i all framgang!

For oss i Åsen og Øvrelid handlar ikkje berekraft berre om miljøet, men også om viljen til å løyse sosiale og samfunnsmessige utfordringar. Gjennom stadig byutvikling og inngrep i naturen har byggebransjen ein stor innverknad for begge aspekt, og bærer derfor ein del av ansvaret. Hos Åsen og Øvrelid ynskjer vi å bidra med å implementere miljøfremmande tiltak i dagleg drifta, bygge energieffektive og vakre bygg, arbeide for å skape ein trygg og inkluderande arbeidsplass og fremme lokalsamfunnet gjennom støtteordningar.

Les meir om vårt berekraftsarbeid her:

Mennesket og samfunnet
Les meir om sosial berekraft her →

Naturen og miljøet
Les meir om vårt arbeid for miljøet her →

Vårt styringssystem
Les meir om vårt styringssystem her →

Berekraftsstrategi
Les meir om vår berekraftsstrategi her →

Vi har i denne samanheng sett ut 4 av berekraftsmåla kor Åsen og Øvrelid har særskild påverknadskraft og moglegik til å utgjere ein forskjell. Det er mål nr. 4 «God utdanning», nr. 8 «Anstendig arbeid og økonomisk vekst», nr. 9 «Industri, innovasjon og Infrastruktur», nr. 11 «Berekraftige byer og lokalsamfunn» og nr. 13 «Stoppe klimaendringane».

FNs berekraftsmål – mål 4, 8, 9, 11, 13

Sjå heimesida til FN her for å lese meir om berekraftsmåla.

Sosial berekraftsstrategi

I høve av HMS og sosial berekraft arbeider Åsen og Øvrelid AS kontinuerleg for å utbetre styresystem og rutinar for å fremme ein trygg, inkluderande og givande arbeidsplass. Vi har som mål å levere bustader og totalentreprisar av høgste kvalitet. Dette er noko som ikkje er mogleg utan eit godt samspel og god fagleg kompetanse i alle ledd av bedrifta.

Lærlingar:

Vi er ein bedrift som ynskjer å vere med å forme framtidas arbeidarar. Det gjer vi gjennom aktiv rekruttering av unge og å satse på å bli ein attraktiv arbeidsplass for lærlingar. Vi kan skilte med å kunne tilby spennande prosjekt med stor fagleg bredde. Hos Åsen og Øvrelid får derfor lærlingar moglegheiter til å utfalde seg fagleg og tileigne seg verdifulle erfaringar.

Vi ynskjer å strekke oss ekstra og har derfor innordna bonusordningar for år vi kan skilte med gode overskot. Bransjeleiande marginar kjem ikkje av seg sjølv og er eit resultat av samarbeid og dyktige medarbeidarar i alle ledd. Bonusordninga er derfor innført for at alle skal få ta del av vår felles suksess.

Les meir om bonusordninga her: (Obs, er bak betalingsmur).
https://www.firda.no/rekordar-gir-solid-bonus-trym-eskil-far-fylt-opp-bsu-en/s/5-15-1398756

I tillegg til å vere ein stor og trygg arbeidsgjevar ønskjer Åsen & Øvrelid AS å vere med og bidra tilbake til samfunnet i form av støtte til lag og organisasjonar. Støtta er i dag først og fremst retta mot organisasjonar innan aktivitet og idrett.

Her er ein oversikt over lag og organisasjonar vi har gitt midlar til:

Miljø

Åsen og Øvrelid tar miljøansvar på alvor og ønsker å bidra. Vi er opptatt av å levere produkt og tenester til kundane våre ved bruk av minst mogleg ressursar som påverkar miljøet i negativ grad, og utan at dette skal gå ut over kvalitet eller leveringstid. For å kunne levere gode løysingar til kundar og ivareta miljøet krev det ein stor innsats av alle ledd i drifta og samspel mellom interessepartar. Vi ynskjer å kunne legge til rette for dette, og skyve vår utvikling i ein retning som kommande generasjonar kan vere stolte av.

Miljøfyrtårn sertifisert

Sertifisert miljøfyrtårnbedrift:

31.08.2020 vart vi sertifiserte som Miljøfyrtårn. Dette inneber at bedrifta har gjennomført ei miljøkartlegging og gjennomført tiltak slik at vi oppfyller definerte bransjekrav.

Miljøfyrtårn er eit offisielt, norsk miljøsertifikat. Det er eit miljøhandlingsprogram og samtidig eit miljøleiingssystem der bedriftene gjennomfører ei miljøkartlegging og lagar ein handlingsplan for å innfri spesifiserte krav.

Gjennom sertifiseringa har vi fått bevis for at rutinane i vårt miljøstyringssystem er gode. Men vi ynskjer å auke innsatsen og kjem derfor til å ha stadig meir fokus på miljø og å redusere vårt klimaavtrykk.

Våre HMS-rutinar sikrar at vi har eit godt arbeidsmiljø og førebygger eventuelle skadar. Vi har avfallsreduserande tiltak og innkjøpsrutine som tar miljøomsyn. Vi har gjennomgått korleis vi kan redusera energiforbruket vårt, bli betre på avfallshandtering og gjenvinning, redusere påverknaden vår på miljøet rundt oss, gjennomført rapportering og kan dokumentera alle tiltaka som er gjort. Vi har i tillegg utarbeidd klimarekneskap som viser det totale CO₂-utsleppet frå bedrifta.

Gjennom vår sertifisering ønsker vi å visa at vi tar miljøengasjementet på alvor, til glede for oss sjølv, kundane våre, nærmiljøet og samfunnet forøvrig.

For meir info om sertifisering besøk miljofyrtarn.no.

Sjølvinitierte tiltak:

Utviklinga av ein berekraftsstrategi har vore i fokus for å kunne stadfeste måloppnåingar og tiltak i strategiperioden 2022–2025. Her er tanken å gjere ein ekstra innsats utover det som er påkrevd i sertifiseringane.

Styringssystem

Vårt HMS-, kvalitet- og miljøsystem samsvarar med krava i Miljøfyrtårn, ISO 9001, ISO 14001 og krav i forskrift om godkjenning av føretak for ansvarsrett. Bedrifta er både Miljøfyrtårn sertifisert og ISO sertifisert etter ISO 9001 og 14001. Systemet er prosess styrt (flytkart) og består av dokumenter i Teams/SharePoint, Proresult-systemet og StreamBIM. Styringssystemet ivaretar alle krava til intern kontroll, HMS, KS, risikoanalyse og beredskap m.m. Prosedyrane er bygd slik at dei samsvar med alle krava.

Sidan prosedyrane vert beskrivne gjennom flytkart i systemet, vert behovet for tekstbaserte prosedyrar redusert til eit minimum. Systemet er oppgåvebasert og har oversiktar som viser alle kva for oppgåver dei er tildelt med tidsfrist for utføring. Varsling på e-post når fristar nærmar seg og automatisk repetisjon for gjentakande oppgåver er nokre av funksjonane i systemet.

Alle dokument i systemet er lagra i dokumentmodulen i systemet som har versjonskontroll, høyring og distribusjonsfunksjonar med meir.

ANSVAR OG MYNDIGHEIT

KS-HMS Leiar har myndigheit til å redigere/oppdatere systemet slik at det alltid er oppdatert, veleigna og fyller krava. Alle personar i Å&Ø som arbeidar aktivt i systemet har ansvar om å rapportere om avvik, feil eller manglar i systemet til HMS-KS-Leiar.

Kompetanseoversikt over alle tilsette:

  • Dokumentasjon på miljøstyringssystem inkludert vesentlege miljøaspekt.
  • Dokumentasjon på kvalitetssystem og internkontroll.
  • Oppgåver med fristar og ansvar for gjennomføring.
  • HMS-arbeid: Vernerundar, RUH, risikoanalyse og Sikker Jobb Analysar.
  • Sjekklistesystem for eige utført arbeid.
  • System for registrering og oppfølging av alle typar avvik.
  • Rapportering til byggherre og andre.
  • Internrevisjonar.
  • Samsvarsjekk.
  • Kontinuerleg forbetring målt mot statistikk i systemet.
  • Bedriftas organisering og stillingsfunksjonar.

PROSESS FLYTKART

Prosess flytkart er ein viktig del av systemet som er prosess styrt. Sjå eksempel på nokre av flytkarta nedanfor.

Hovudprosess-Organisasjon flytkart
Miljøfyrtårn-sertifikat 2024. Bilde av dokument.
ISO-sertifikat Åsen & Øvrelid 2024–2027. Bilde av dokument.

Sjå Politikk for HMS, kvalitet og miljø/berekraft →

Sjå Klima- og miljørapport →

Les meir om HMS, KS og ISO →

Les meir om Miljøfyrtårn →